Når trollet skal temmast
Musikklina på Voss gymnas presenterer sin versjon av Shakespeare sitt skodespel om to søstre, friarar, forviklingar og giftarmål. Elevane på musikklina boltrar seg i tekst, musikk og lokal koloritt.

Publikum får servert ei førestilling full av komikk og forviklingar, men òg alvor og visdom.
Elevane boltrar seg på scena i ulike karakterar frå den snillaste og skjønaste Bianca til den sintaste og vrangaste Kate. Her møter du foreldre og svigerforeldre, unge friarar og gamle friarar, tenarar i alle variantar, rekneskapsførarar og til og med ein parkeringsvakt som er meir enn ein parkeringsvakt. Det blir krangling og sjalusi, forviklingar og frieri, og ikkje minst bryllaup og fest.
Alt dette blir akkompagnert av fengande musikk og rytmar, levert av eit 10-mannstort band frå musikklina.
Fekk du med deg Musikklinas Midsumarnatt i 2022? Då veit du kva du har i vente.
Waiver
Førestillinga vil innehalde scenelys og scenerøyk.